HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD
Frå dyrlegens kvardag

Ikkje alltid kalving går etter planen

For nokre dagar sidan vart eg kalla ut til ei ku som skulle kalva, kalven låg feil, og bonden fekk den ikkje ut sjølv.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Eg hadde ein del å gjera den kvelden og hadde akkurat komme fram til eit anna oppdrag i motsett retning av kalvinga, så det gjekk nokre timar før eg var på plassen og kunne bistå med fødselshjelp. Sogndal og Luster er to store kommunar, og dette er det største vaktdistriktet i Sogn, både med tanke på tal produksjonsdyr og areal, så viss ein er uheldig, kan det ta tid før dyrlegen er på garden.

Spennande med fødselshjelp

Fødselshjelp er alltid spennande oppdrag, og når ting går bra både med ku og kalv, er det veldig kjekt å kunna bistå. I motsett fall vert eg skuffa sjølv også viss det ikkje går slik som me ynskjer. Denne gongen låg kalven “opp ned” eller “på ryggen” slik at frambeina kom ut, og hovudet låg under beina. Det var ei vaksen ku som hadde hatt fleire kalvar før som skulle kalva, slik at det var bra “romsleg” å retta opp i feilstillinga. Det tok heller ikkje mange minuttane før eg fekk skubba kalven tilbake til rett posisjon, me sette på fødselskjettingar på beina, og fekk dratt kalven ut. Alt såg veldig bra ut, kalven var frisk og fin, men mora var ikkje interessert i han.

Kua kollapsar etter mjølking

Her er ei normal kalving i gong, og me ser allantois eller “vasskalven” i kjønnsopninga. Dette er fosterhinner som inneheld fostervatn og som ligg rundt kalven. Når denne er synleg, er kalvinga godt i gang, og det er like før kalven vert fødd.

Om lag 15 minutt etter at eg forlét garden, får eg beskjed om at dei mistenkjer at kua har fått mjølkefeber, og ho har falle i roboten umiddelbart etter at dei har mjølka ho. Eg snur tilbake, og kvepp litt til når eg ser kor dårleg forfatning kua er vorten i på såpass kort tid. Ho er svært sløv, pustar svakt, augene er også komme langt inn i skallen og slimhinnene er bleike. Det er ikkje tvil om at kua er døyande, og det er nærliggjande å tru at ho har ein stor bløding innvortes.

Nokre minutt seinare døyr kua, og kvelden fekk eit heilt anna utfall enn me for kort tid sidan såg føre oss.

Stor bløding

No ligg det ei daud ku på den verst tenkjelege plassen i fjøsen, det er vorte seint på kveld, og i staden for å slappa litt av før natta kjem, så må kua ut. Med god kontroll på stropper og minilastar, kjem kua ut av fjøsen, og for å sjå litt etter dødsårsak, så opnar me ho. Bukhola er full av blod, så dødsårsaka er at eit stort blodkar har rivna, og dette har nok skjedd i samband med kalvinga. Me kan ikkje sjå hol eller skade på børen, det er heller ikkje blod inne i børen, så eksakt kva blodkar som var roke, det fann me dessverre ikkje ut av.

Uflaks

Heldigvis så tok bonden dette med godt humør sjølv om det er skikkeleg kjedeleg og tapsbringande å mista ei god ku. Dette er slikt som av og til skjer, og ein lyt berre leggja det bak seg og sjå om ein kan ta lærdom av det til seinare høve. I dette tilfelle syntest eg at det gjekk veldig fort og greitt å få ut kalven, så eg såg ikkje dette komma i det heile. Eg trur at det var uheldige omstende og uflaks som spelte inn denne gongen.